søndag, august 26, 2007

Stort og jillt

Hei og hå!
I dag då eg var på familiebesøk hos tanta mi, fann eg ut at ho framleis kikkar inn på bloggen min for å sjå om eg har skrive noko sidan sist. Difor skriv eg litt i dag, om ikkje anna til ære for tante Ingunn.
Sidan sist er dette nytt i livet mitt:
  • Eg, Mona Elin og Birgitte bur saman på Våland i Stavanger, og det er stort og jillt.
  • Eg studerer Interkulturell Kommunikasjon og Globalt Samarbeid (IKGS) ved Misjonshøgskolen i Stavanger, og det er stort og jillt.
  • Eg har kjøpt meg kaffitraktar, og det er stort og jillt.
  • Eg har kjøpt meg PC, og det er stort og jillt.
  • Eg har jobba mykje på Jonsokberget, og det er stort og jillt.
  • Eg har til og med vore på Flor og Fjære, og det var stort og jillt.

Trur eg kan oppsummere med at livet er stort og jillt for tida.

I oktober skal eg reise til Thailand, og det trur eg vert stort og jillt. No sit eg heime på Jørpeland og skriv, og om omlag ein time skal eg reise til Stavanger, for i morgon er det skule, og morgontrim på SiS sportssenter. Det vert nok stort og jillt:)